Heile eventyret i filmen sin verden starta den 28. desember 1895 på Grand Café ved Operaplassen i Paris. Dei «i ettertid så berømte brødrene Auguste og Louis Lumière» (Ove Solum 1995), hadde med ei titalls publikum det som kan reknast som tidenes første kinoframvisning. Det var og tidlegare vist levande bilder, og medium for å vise desse vart funne opp fleire stader samtidig på denne tida.
    » I Tyskland arbeidet brødrene Max og Emil Skladanowsky med et projeksjonssystem for visning av levende bilder som de kalte «bioskop», og i USA hadde Thomas Alva Edison utviklet en måte å formidle film på allerede fire-fem år tidligere.(Ove Solum 1995)
 
Grunna apparatet til Lumière brødrene var mykje lettare og enklare å transportere enn Edison sitt kinetoskop, samtidig med at det kunne brukast til både framvisning opptak, framkalling og framvisning, vart det enklare å bringe teknologien til andre storbyar.
 
Dei teknologiske nyvinningane kom raskt til Kristiania, og i 1896 hadde både Edisons «kinetoscope» og Sklandanowsky brødrene sin «bioskop» framsyningar for publikum.
 
Litteraturliste:
Asbjørnsen, Dag m.fl.: Mediemøte 2, (2007) s. 142-145.
Solum, Ove (1995) «Film i hundre år» http://www.dagbladet.no/kronikker/951228-kro-1.html
Oppretta 28. desember 1995