Fredag 4. juni var eg og fleire andre til stades under innspelinga av ein scene til ein tysk film i Solvorn.Dette var for meg ei heilt ny oppleving, og det var spanande å sjå korleis det heile føregjekk bakom kulissane.

Når eg først kom dit, måtte eg vente lenge på at innspelinga skulle begynne, fordi regissøren ikkje ville ha for mykje sollys i scena. Scena dei skulle spele inn var av hovudpersonen og ein båt med ungdommar, der ungdommane skulle gå oppi ein båt og køyre utover fjorden. Først forklarte ein instruktør korleis skodespelarane og statistane skulle gå og bevege seg. Så sette dei i gang med å filme scena. Dei brukte mange forskjellige kameravinklar, og skodespelarane gjorde dei same tinga fleire gonger. Nokre tagningar måtte gjerast fleire gonger før regissøren vart fornøgd.

Solvorn ein solskinsdag, like i nærleiken av innspelingsområdet

Eg vart tilfeldigvis statist då instruktøren trente ei jente som skulle stå på bryggja å sjå på dei som sette seg i båten. Det var berre ein kort augneblink, men det er morro å tenkje på at eg er statist i ein film som kjem til å visast til tusenvis av tyskarar. Dette er nok eit augeblikk eg seint vil gløyme, og eg håpar eg ein gong kan sjå scena dei filma i Solvorn.