You are currently browsing the category archive for the ‘Uncategorized’ category.

Fredag 4. juni var eg og fleire andre til stades under innspelinga av ein scene til ein tysk film i Solvorn.Dette var for meg ei heilt ny oppleving, og det var spanande å sjå korleis det heile føregjekk bakom kulissane.

Når eg først kom dit, måtte eg vente lenge på at innspelinga skulle begynne, fordi regissøren ikkje ville ha for mykje sollys i scena. Scena dei skulle spele inn var av hovudpersonen og ein båt med ungdommar, der ungdommane skulle gå oppi ein båt og køyre utover fjorden. Først forklarte ein instruktør korleis skodespelarane og statistane skulle gå og bevege seg. Så sette dei i gang med å filme scena. Dei brukte mange forskjellige kameravinklar, og skodespelarane gjorde dei same tinga fleire gonger. Nokre tagningar måtte gjerast fleire gonger før regissøren vart fornøgd.

Solvorn ein solskinsdag, like i nærleiken av innspelingsområdet

Eg vart tilfeldigvis statist då instruktøren trente ei jente som skulle stå på bryggja å sjå på dei som sette seg i båten. Det var berre ein kort augneblink, men det er morro å tenkje på at eg er statist i ein film som kjem til å visast til tusenvis av tyskarar. Dette er nok eit augeblikk eg seint vil gløyme, og eg håpar eg ein gong kan sjå scena dei filma i Solvorn.

I sjølvvald prosjekt media valde eg å lage ein informasjonsfilm. Denne Informasjonsfilmen handlar om alkohol og barn, og kva konsekvensar det kan få for barn at dei vaksne drikk.

Informasjonsfilmar er ute etter å informere, og eg vart inspirert til å lage denne etter å ha sett informasjonsfilmane til blant anna vegvesnet.

I denne oppgåva skulle elevar frå Sogndal vgs kommentere blogginnlegga til elevar ved Kongsberg vidaregåande skule. Kongsbergselevane hadde fått i oppgåve å diskutere korleis media er med på å skape, forsterke og motvirke informasjonskløfter i ein artikkel.

Oppgåva var denne:
A) Les 3 elevinnlegg/besvarelse på oppgaven om informasjonskløfter fra Kongsberg VGS. Har du etternavn i begynnelsen av alfabetet, plukker du elever øverst fra elevlista på bloggen, har du etternavn i midten av alfabetet plukker du elever i midten av lista og har du etternavn i slutten av alfabetet leser du innleggene til de siste elevene på lista.

B) Les alle 3 innleggene først, notér faglige kommentarer og spørsmål i stikkordsform mens du leser innleggene. Se også på hvordan oppgaven er besvart. Du kan f.eks bruke rubrikkverktøyet fra vurderingsveiledningen dere fikk til heldagen.

C) Skriv kommentarer til disse tre elevene.

D) Skriv et blogginnlegg der du limer inn og presenterer den kommentaren du var mest fornøyd med, (husk også å få med lenken til blogginnlegget du har gitt kommentar). I Innlegget ditt presenterer du først
elevarbeidet, deretter hvilke observasjoner du gjorde (faglige, strukturelle og personlig mening) og til slutt forklarer du hvilke hensyn du tok til eleven når du skrev kommentaren.

Kommentaren eg skreiv på Caroline’s mediablogg, og ser slik ut:

himulen sa…

Et godt utkast til endelig artikkel. Synst du får med veldig mye bra og svarer godt innenfor oppgaven.Jeg ser du skriver mest om Norge og norske medier, kanskje du burde presisere at du i denne oppgaven konsentrerer deg om forholdene i Norge?

12. april 2010 01.33

Bloggen handla i dette innlegget om informasjonskløfter i samfunnet. Innlegget var velskrive og inneheld mange gode innfallsvinklar rundt informasjonskløfter. Det einaste eg kunne seie noko om, var at det ikkje vart presisert om forfattaren ville konsentrere seg om forholda i Noreg, verden genererelt eller noko anna land. Derfor påpeikte eg dette for å hjelpe til betre resultat. Når ein kommenterer innlegg og bloggar er det viktig å ta hensyn til innhaldet i innlegga og forfattaren sjølv. Det er stor forskjell å kommentere personlege opplysningar og faglege tekstar. Eg held meg godt innafor rammene som gjeld kommentarar op faglege innlegg, og var verken spydig eller ute etter å rette einsida kritikk mot personar eller grupper. Mange unge på nett kan oppleve dette fordi lesarane ikkje tenkjer på at dei kan såre sjølv om dei ikkje seier noko stygt ansikt til ansikt. Det er og viktig å vere konstruktiv når ein kommenterer faglege innlegg, og legge til rette for forbetringar av faginnhald og informasjon.

Link til film laga i media : Goanimate.com

Det russiske ordet Glasnost har nok for mange ei anna meining enn den oversette tydninga; openheit. For mange er ordet namnet på reformasjonen som gjorde liva deira friare, det var i alle fall tilfelle for innbyggjarane i den tidlegare sovjetunionen.

Mikhail Gorbatsjov var generalsærketær i kommunistpartiet i Sovjet, og gjekk som leiar inn for ei rekkje reformasjonar for å betre tilhøyva for befolkninga, bl.a. perestrojka og glasnost. Glasnost var då ein reform som skulle gi folket høyve til meir openheit, og den offentlege sensuren vart i mindre grad gjeldande for journalistane.

(Wikipedia: Glasnost, Perestrojka, Sovjetunionen).

Glasnost vart eit stort steg i demokratisk retning, og saman med perestrojka var glasnost eit av hovudmåla til Gorbatsjov i hans tid som president i Sovjetunionen. Med glasnost vart makta til kommunistpartiet kraftig redusert, og det vart rom for demokratiske valg i eit land som lenge hadde vore prega av den strenge sensuren.

Litteraturliste:

Wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sovjetunionen
http://no.wikipedia.org/wiki/Glasnost
http://no.wikipedia.org/wiki/Perestrojka

snømann :D

snømann 😀

 
Heile eventyret i filmen sin verden starta den 28. desember 1895 på Grand Café ved Operaplassen i Paris. Dei «i ettertid så berømte brødrene Auguste og Louis Lumière» (Ove Solum 1995), hadde med ei titalls publikum det som kan reknast som tidenes første kinoframvisning. Det var og tidlegare vist levande bilder, og medium for å vise desse vart funne opp fleire stader samtidig på denne tida.
    » I Tyskland arbeidet brødrene Max og Emil Skladanowsky med et projeksjonssystem for visning av levende bilder som de kalte «bioskop», og i USA hadde Thomas Alva Edison utviklet en måte å formidle film på allerede fire-fem år tidligere.(Ove Solum 1995)
 
Grunna apparatet til Lumière brødrene var mykje lettare og enklare å transportere enn Edison sitt kinetoskop, samtidig med at det kunne brukast til både framvisning opptak, framkalling og framvisning, vart det enklare å bringe teknologien til andre storbyar.
 
Dei teknologiske nyvinningane kom raskt til Kristiania, og i 1896 hadde både Edisons «kinetoscope» og Sklandanowsky brødrene sin «bioskop» framsyningar for publikum.
 
Litteraturliste:
Asbjørnsen, Dag m.fl.: Mediemøte 2, (2007) s. 142-145.
Solum, Ove (1995) «Film i hundre år» http://www.dagbladet.no/kronikker/951228-kro-1.html
Oppretta 28. desember 1995